torsdag 26. august 2010

Info-hefte 2010-2011

INFO-skriv frå Kulturskulen

Velkommen til nytt skuleår i Stranda Kulturskule. Leiinga og lærarane ved skulen er no klare til å gå i gang med eit nytt skuleår og vi håper og trur at dette året skal verte eit godt år for både elevar, føresette og tilsette. I dette vesle skrivet finn de viktig informasjon om det å vere elev ved skulen – litt om kva vi forventar av dykk og kva de kan forvente av oss.

Tilsette:

Namn

Underviser

Telefon

e-post

Berg Trond Otto

Rektor,

Korps, Stranda og Sunnylven

99 09 80  57

trondotto@gmail.com

Eide, Carolin

Pinano/keyboard, Liabygda, Stranda

938 20 496

cgieide@gmail.com

Eide, Gunnar Inge

Piano, messing

Stranda, Geiranger, Sunnylven

930 49 185

cgieide@gmail.com

Hole, Synnøve Hjellbakk

Fele

Sunnylven, Stranda

909 51 185

Hans.hole@c2i.net

Molvær, Askjell

Piano treblås,

Stranda

970 45 411

elna@mimer.no

Ramstad, Andre

Song, Piano,

Stranda og Geiranger

90 99 38 31

Andre.ramstad@norpost.net

Torheim, Andreas

Messing, aspirantar  i korpsa, Stranda

416 16 052

Andreas.torheim@hivolda.no

Torset, Erik

Gitar, slagverk, FOXY, Kulturell Førskule

Stranda

924 15 951

eriktorset@hotmail.com

 Kontakt med skulen

Stranda Kulturskule brukar aktivt alle dei nye informasjonskanalane vi har tilgang til. Som oftast vil vi gjere generell informasjon tilgjengleg på nettet på adressa http://kulturskule.blogspot.com Denne oppslagstavla oppmodar eg alle om å ”abonnere på”. Då får de automatisk e-post når vi legg ut ny informasjon. Vi vil også sende ut SMS når vi legg ut informasjon på denne sida. SMS brukar vi også når vi sender kortare beskjeder direkte til enkeltelevar eller grupper av elevar om t.d. endringar i timeplan, avlyste timar, m.m. det er difor særs viktig at vi har rett mobilnummer registrert på dykk.  I løpet av året kjem vi truleg også til å opprette ei Facebookside for kulturskulen. Berre i særleg viktige tilfelle vil vi sende brev i posten.

Skal de kontakte skulen kan de bruke e-post. kulturskulen@stranda.kommune.no eller ringe rektor på tlf. 464 11 055. 

Timeplan:

Det vert sett opp ein timeplan for undervisninga. Kvar elev har i utgangspunktet ein speletime på 20 minutt. Enkelte elevar vert sette opp i mindre grupper og då får de meir tid. Sidan timane er så korte er det viktig de møter opp i god tid før timen slik at de kan førebu dykk på spelinga, ta av jakker og regnklede, slik at de ikkje bruker av speletida til dette.  Møt difor gjerne opp minst 5 minutt før timen din skal begynne. Hugs å ta med notebøker og notane de brukar.

Den timeplanen som vert sett opp gjeld for heile året. Om vi må endre timeplanane av ulike årsaker vil de få beskjed om dette i god tid. Ved kortare sjukdom/vikariat hos læraren kan det hende vi ikkje får tak i vikar som kan ha timen på det same tidspunktet eller den same dagen. Då kan det vere at de får speletime på eit anna tidspunkt enn den vanleg tida.

Om treningstidene dykkar endrar seg i løpet av året slik at dei kolliderer med speletimen kan vi ikkje endre timen på grunn av dette. De kan sjølvsagt byte speletime med ein av dei andre elevane til denne læraren, men dette er noko dei føresette i tilfelle må syte for sjølv. Hugs å gje læraren beskjed om de byter speletime med ein annan elev.

I kulturhuset på Stranda er det sett opp nokre bord rett opp for trappa til Kulturskulen. Her kan de sitje å både ete og gjere lekser.  De kan også bruke biblioteket når dette er ope. Hugs at dette er eit offentleg kulturhus og at det enkelte gonger kan foregå andre arrangement på huset. Vis omsyn til dette og unngå å bråke og springe i kafeen og gangane.

Om ein av dei føresette ynskjer å vere med på speletimen er de velkomne til dette.  For mange vil det også verte mykje enklare å øve heime dersom ein av dei føresette også veit kva læraren sa på timen. Å ha med seg andre (t.d. venner) på timen tillet vi i utgangspunktet ikkje. Då kan det fort verte litt uroleg. Om ein venn ynskjer å fylgje deg, kan han eller ho vente ute på eit av ”lekseborda”.

Oppmøte – fråver

Vi forventar at de møter opp godt førebudd til alle timane i løpet av året. (meir om kva vi meiner med godt førebudd finn de nedanfor) Om de ikkje kan møte fordi de er sjuke, er bortreist, er på feire eller har andre gyldige grunnar så de gje beskjed til kulturskulen. Slik beskjed skal gå rett til læraren.  Om de berre er borte frå ein speletime utan gyldig grunn vert dette rekna som ”skulking”. Dersom de har tre eller fleire ”skulkekryss” på eit halvår vil de kunne misse speletimen. Det er i dag lang venteliste for å få elevplass i kulturskulen, og elevar som har mange ”skulkekryss” tek opp elevplassar for andre elvar som kanskje er meir motiverte for å lære seg å spele.  Elevar som på denne måten misser elevplassen vil likevel måtte betale for timen for det aktuelle halvåret.

Om å førebu seg til timen

Det å lære seg å spele eit instrument inneber mykje meir enn berre speletimen de har i Kulturskulen. For å verte god å spele treng de å øve mykje og ofte heime.  Vi forventar difor at de spelar på leksa minimum 3 gongar – eller så mange gongar de treng for å lære den - mellom kvar speletime. Det beste er sjølvsagt å øve mykje meir – helst kvar einaste dag. Sett gjerne av eit fast tidspunkt på dagen – rett etter at de kjem heim frå skulen? Rett etter middag?. Då er det enkelt å hugse å øve og lære seg gode øvingsrutiner. Øv også på ein fast plass i huset. Der bør det vere roleg og skjerma slik at de kan konsentrere dykk om spelinga. Helst ikkje øve med TV’en på, og 2 småsøsken springande rundt på golvet. Då vert øvinga ikkje så veldig effektiv. Om de etablerer slike gode rutiner i starten trengst kanskje ikkje meir enn 5 minutt for dag for å verte god å spele.

Det er også viktig at instrumenta de øver på er gode nok. Mange kjøper kanskje eit dyrt piano, og så vert det berre ståande der – utan vedlikehald. Eit piano – uavhengig om det vert brukt eller ikkje – bør stemmast ein gong i året. Å spele på instrument som er øydelagde, ustemde eller har andre manglar er svært lite motiverande og vil gjere det vanskelegare for eleven som skal lære å spele. Det same gjeld gitarar og feler. Desse må ofte stemmast kvar gong dei er i bruk. Kjøp gjerne ei elektronisk stemmemaskin. Desse kan kjøpast på dei fleste musikkbutikkar, eller  så kan Kulturskulen hjelpe dykk med å kjøpe dette. Kontakt læraren din om dette. Vi kan også formidle kontakt til kompetente pianostemmarar.

Det er også viktig å ta godt vare på notane og bøkene de får her på Kulturskulen. Ha gjerne notane i ei eiga mappe eller i ein eigen perm. Då vert dei verken bretta, våt, skitten eller borte mellom andre bøker/papir frå skulen.

Hugs også å ta med alt nødvendig utstyr på speletimen her. Dette kan vere notar og notebøker, fela m/boge, gitaren, trommestikkene eller andre ting de treng for å spele.

Kva er inkludert i elevavgifta

Alle med elevplass i kulturskulen må betale for den. Den er for tida på kr. 1035,- pr. halvår for ein vanleg elevplass. I dette ligg de at de skal få den undervisninga de treng! Ein normalelev får 20 minutt speletime kvar veke i ca. 34 veker. Enkelte veker kan konsertar/speleoppdrag kome i stadenfor speletimen. Enkelte delar av året vil de også ha både konsert og speletime i same veka. (særleg før jul)

Om de misser uforholdsmessig mykje undervisning i løpet av eit år (ca. 4 gonger pr. år) som følgje av at vi må avlyse speletimen, har de krav på å få redusert elevavgifta. Om de er vekke frå speletimen av andre grunnar (sjukdom, ferie m.m.) vil de ikkje få redusert avgift.

Alt av materiell de får på kulturskulen må de betale for i tillegg. Dette gjeld m.a. spelebøker og leige-instrument. (feler, øvingstrommer) Alt dette kjem på same rekninga som elevavgifta for dette halvåret.

Skulerute – Prosjekt

Skuleruta til Kulturskulen fyl i stor grad skuleruta til grunnskulane, men vi har nokre studiedagar som ikkje grunnskulen har. Det vert lagt ut ei fullstendig skulerute for hausthalvåret på nettet ein av dei næraste dagane. Her vil det gå fram kva tid vi har konsertar og andre arrangement også. Ikkje alle elevane deltek på alle konsertane, men alle er sjølvsagt hjarteleg velkomne som publikum.

I løpet av vårhalvåret skal vi også i år køyre eit ”samspelprosjekt”.  Kva tid dette vert og korleis det vert lagt opp er enno ikkje bestemt. Dette vil de få beskjed om når skuleruta for vårhalvåret vert lagt ut.

Om de vil spele meir

Kulturskulen disponerer utstyr og øvingsrom. Mykje av tida står desse romma og utstyret ubrukt. Om nokon har noko spesielt dei skal øve til og ynskjer å låne øvingsromma her kan dette la seg gjere.  Om de ynskjer å starte band og treng ein stad å øve kan de også få bruke og låne utstyr og rom her.  Om de ynskjer dette så kontakt rektor og/eller dagleg leiar på Kulturhuset så finn vi nok sikkert ei ordning.

Om de vil slutte

Det hender at enkelte finn ut at det å spele i Kulturskulen ikkje passa heilt for dei, og at de misser motivasjonen for å lære seg eit instrument. Då har de høve til å slutte til jul.  Om de ynskjer å slutte til jul, må vi ha skriftleg beskjed om dette innan 1. desember! Med skriftleg beskjed meiner vi ein e-post eller brev sendt til kulturskulen si adresse eller e-postadresse. Munnlege beskjedar, gulelappar i speleboka, sms til læraren (eller rektor) eller andre liknande måter å kommunisere på gjeld ikkje som skriftleg beskjed!

Spesielt om undervisninga i dei ytre krinsane

I alle skulekrinsane utanom Ringstad og Helstad har vi heile eller delar av undervisninga i grunnskuletida til elevane.  Dette er ei god ordning for dei fleste. Elevane er ofte meir opplagde, møter meir presist og er ofte betre førebudd.

For den undervisninga vi har på grunnskulane er det i hovudsak skulen som sett opp timeplanane og som gjev beskjed til elevane om denne.

Ved at de tek imot elevplassen i Kulturskulen, aksepterer de også at eleven KAN misse noko av den obligatoriske undervisninga i grunnskulen. For dei aller, aller fleste vil ikkje dette bety noko som helst. Etter vår erfaring vil dei aller fleste som misser nokre få minutt undervisning på denne måten raskt innarbeide gode rutiner slik at dei når ”vekestatus” skal gjerast opp, har gjort like mykje skulearbeid som dei andre elevane.

Trond Otto Berg

Rektor

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar