torsdag 22. august 2013

Timeplanar skuleåret 2013-14

Timeplanane for skuleåret 2013-14 er no ferdige. De finn dei her:

Timeplanar 2013 - 2014

Timeplanane var sette opp i eit felles informasjonsmøte onsdag 21. august i Storfjord Kulturhus. Dei fleste familiar var representert, men enkelte manglar. Desse elevane er plasserte inn på ledige plassar. Vi vonar dette passar for den enkelte.

Timeplanane er i utgangspunktet no låste og kan ikkje endrast. Om de ynskjer å byte time må dei føresette sjølv gjere dette ved å kontakte dei de ynskjer å byte time med. Kulturskulen må i tilfelle ha beskjed om endringa.

Lukke til med det nye skuleåret.

mvh Rektor.



tirsdag 20. august 2013

Nye elevar

To nye elevar vart tatt opp i dag. Dette er Hedda Rolfsen, Piano, hos Askjell Molvær og Madelen Hauge, Keyboard i Sunnylven hos Gunnar Inge Eide.

For oppsett av timeplan og generell informasjon om kulturskulen sjå tidlegare oppslag nedanfor.

NB! For elevar i sentrumskrinsen er det vikig å møte på informasjons og planleggingsmøtet i morgon, onsdag 21.august. Då skal vi legge timeplanar. Det vert ikkje høve til å endre timeplanar etter dette møtet.

Vel møtt.

Med helsing
Trond Otto Berg, Rektor

Aspirantar i Stranda Skulekorps

Følgjande elevar er tatt opp som aspirantar i Stranda Kulturskule

Remme, Iver Grønningsæter, Klarinett
Schreijer, Hedda Johanne, Saxofon
Remme, Anna Lindset, Kornett
Liset, Tonje Serena, Kornett
Vazquez, Christopher Aslak Flø, Kornett
Kleppe, Helena,  Klarinett
Aslaksen, Sanna, fløyte

Lærar for kornett vert Gunnar Inge Eide. Han har undervisning på torsdagar.
Lærar for klarinett, saxofon og fløyte vert Askjell Molvær. Han underviser på onsdagar.

Diverre fekk vi ikkje til i år å legge aspirantiopplæringa inn i skuletida for 4.klasingane slik planen var. Undervisninga vert difor i Kulturskulen sine lokale i Storfjord Kulturhus.

For at vi skal kunne sette opp timeplanen er det viktig at alle møter på informasjons og planleggingsmøtet onsdag 21.august kl. 18.00 - ca. 19.00 på Storfjord Kulturhus. Alle timeplanar skal leggast på dette møtet. Om du vil ha påvirkning for kva tid du vil ha speletime må du difor møte opp.

med Helsing
Trond Otto Berg, Rektor

fredag 16. august 2013

Velkommen til nytt skuleår

 Oppstart av skuleåret 2013 - 2014
Sommaren er over og det på tide å tenkje på oppstarten av det nye skuleåret i kulturskulen.

Skuleåret i Kulturskulen startart i veke 34. Då skal vi ha eit felles informasjonsmøte for ALLE elevar og føresette i Storfjord Kulturhus onsdag 21.august kl. 18.00 - ca. 19.00. Dette møtet er obligatorisk for alle elevar frå sentrumskrinsen og Liabygda. Elevar frå Sunnylven og Geiranger vert også oppmoda om å møte opp. På dette møtet vil vi informere kort om kva det vil seie å vere elev i kulturkulen, kva de kan forvente frå skulen si side, kva vi forventar av dykk som elevar/føresette og orientere kort om planane for skuleåret. Mot slutten av møtet vil kva enkelt lærar ta med seg sine elevar på eit eige rom. Her skal læraren og dei føresette saman sette opp timeplanen for skuleåret 2013-2014. Det vert ikkje høve til å gjere endringar på timeplanen etter dette! Om de difor har spesille ynskjer for speletida er det difor særs viktig at de møter opp. Dei som ikkje møter opp på dette møtet vil heller ikkje kunne påverke tidspunktet for speletida! Vi kjem til å sette opp eit forslag for timeplanane før dette møtet så arbeidet med å fordele timar går raskare. Her vil enkelte ting verte "sprikra" så de vil ikkje stå heilt fritt i å velge speletid. Vi har ikkje høve til å ta omsyn til alle ynskjer som kjem inn! "..til lags åt alle kan ingen gjera... "

Undervisninga i Kulturskulen startar i år i veke 35. (25.08. - 29.08.) i alle skulekrinsane. I skrivande stund ser det ut til at fordelinga på dagar/lærarar vert slik (eg har ikkje fått endeleg stadfesta dagane frå alle grunnskulane enno, så det kan kome endringar)

Sunnylven         Piano/Keyboard             Gunnar Inge              Torsdagar Skulen sett opp timeplan
Sunnylven         Gitar/trommer                 Erik Torset               Måndagar Skulen sett opp timeplan
Sunnylven         Fele                                Synnøve H.Hole       Fredagar Synnøve/førestte sett opp timeplan
Geiranger         Piano/Keybaod/gitar        Gunnar Inge Eide      Månd/tysd Gunnar Inge sett opp timeplan
Geiranger         Korpsinstrument              Gunnar Inge Eide      Månd/tysd Gunnar Inge sett opp timeplan
Det er ikkje lagt opp til undervisning i Liabygda komande skuleår. Elevar frå Liabygda vil få undervisninga si ved Storfjord Kulturhus.
I sentrumskrinsen vil vi bruke alle dagane til undervisning.

Undevisningstidene for den enkelte lærar i sentrumskrinsen ser om lag slik ut:
Erik Torset                 Gitarar            Onsdag og torsdag + ein dag til
Askjell Molvær          Piano/treblås   Onsdag
Synnøve H.Hole         Fele                Onsdag
Andre Ramstad          Piano/song      Måndag, Tysdag og Torsdag
Gunnar Inge Eide       Piano/messing  Torsdag
Mass Petter Jelle        Piano              Torsdag
Trond Otto Berg        Messing         (truleg) Tysdag

Stranda Kulturskule har no oppretta ei side på Facebook. (http://www.facebook.com/kulturskulen) Vi vil svært sterkt oppmode alle om å søkje opp denne sida og "like" den. Vi vil bruke denne sida aktivt i kommunikasjonen med heimane. Om de "liker" denne sida vil de automatisk få melding når ny informasjon vert lagt ut her. Vi vil framleis også bruke sida på http://kulturskule.blogspot.no til å gje beskjedar og informere om timeplanar og prosjekt.


Vel møtt som elev i Stranda Kulturskule.


Trond Otto Berg
Rektor

PS Denne informasjonen vert også sendt pr. brev, over helga.