onsdag 22. desember 2010

Julehelsing

Då var enda eit halvår over for Stranda Kulturskule og vi høyrer juleklokkene ringe i det fjerne. Stranda Kulturskule har hatt ein aktiv haust, med mange fine konsertar og prosjekt bak oss. Eg vil takke alle som på kvar sin måte har bidrege på desse konsertane og oppdraga. Mange av elevane våre har stått på og hatt ei god utvikling og vi er verkeleg imponert over kva enkelte av elevane våre har makta å få til! Eg vil ikkje trekke fram nokon spesielle elevar, men for for meg var nok julekonserten som vi hadde i Stranda Kyrkje eit høgdepunkt for halvåret.

Det er også tid for å sjå framover mot vårsemesteret. Enkelte av elevane våre vil få ny lærar frå januar av. Carolin og Gunnar Inge ventar sitt tredje barn, og Mass Petter Jelle har takka ja til å vere vikar for Carolin i den tida ho er ute i fødsespermisjon. Vi ynskjer Mass Petter velkommen i lærarstaben igjen. Han vil gå rett inn og ta over alle elevane Carolin har hatt og speletidene vert uendra. På andre lærarar kan det verte mindre juseringar av timeplanane. Dei elevane dette gjeld har fått beskjed om dette.

Rett over jul er det igjen på tide med ”Samspelprosjekt” i Stranda Kulturskule. Vi skal i år satse på eit heilnorsk repertoire. Alle låtane vi har valt ut er skrivne/innspelt med norske artistar. Vi har er ikkje heilt ferdige med å sette opp dei ulike banda, men så langt har vi plukka ut m.a. desse låtane. ”Her kommer vinter’n” (Jokke og Valentinerne), ”Hallo, Hallo” (Knutsen og Ludvigsen), ”Sommer og skolefri” (Malin), ”Fairytale” (Alexander Rybakk) og ”Olsenbanden”….. Dette blir moro! Vi legg opp til konsertar veka før vinterfeiren.

Vi skal også igangmed eit større prosjekt for elevane i Sunnylven. Dette er eit samarbeid med skulen, Skulekorpset og ungdomslaget på Hellesylt. Hovudtyngda her vert i samband med Grunnskuleveka i Sunnylven like før påske.

Elles kjem vi til å legge opp til mindre konsertar og speleoppdrag framover våren. Vi slutatr av i månadsskifte mai/juni, men nøyaktig dato for avslutningskonsertane er enno ikkje sett.

Når det gjeld oppstarten etter jul vert første undervisningsdag tysdag 4. januar.

Eg ynskjer dykk alle ei velsigna julehøgtid og håper de alle kjem attende til eit nytt og innhaldsrikt semester i 2011.




Med helsing

Rektor


torsdag 2. desember 2010

VIKTIG info til songarane i Stranda Kulturskule

Alle songelevane skal møte til fellesøving på Kulturskulen måndag 6. og tysdag 7. desember kl. 16.00 - ca. 16.45.  NB!! Det vert øving altå BÅDE måndag og tysdag. 

Songarane skal øve inn "Det lyser i stille grender" tostemt. Denne skal framførast på Julekonserten i Stranda Kyrkje, søndag 12. desember kl. 16.00

PS!! Den øvinga som var avtalt på Ringstad Skule onsdag 8.desember vert AVLYST!

NB! Gje meldig om du ikkje har høve til å møte.

mvh

André