Vi har no fått inn svar frå dei fleste
familiane på kva dansetider som passar best og svaret frå dei førestte er
ganske eintydig. Det er eit stort fleirtal, alle elevane under eitt, for det
første alternativet. I den yngste gruppa
er net noko jamnare fordeling mellom alternativ 1 og alternativ 2.
Vi har også mottatt ganske sterke
reaksjonar på forslaget om å endre tidene for dei ulike gruppene. Fleire
familiar har meldt tilbake at dei har tilpassa eigne arbeidstider til dei
tidene som vart sette opp tidlegare i haust. Vi har også vore i kontakt med SFO ved
Ringstad skule for å høyre med dei kva som passar best inn i deira dagplanar. Vi har etter dette kome til at øvingstida for
den yngst gruppa bør gjennomførast slik det vart bestemt i august. Dette betyr
øvingstider, i kulturhuset, frå kl. 12.45 – 13.30.
Nå det gjeld den eldste gruppa er vi
nøydde til å endre tidene for denne gruppa til 14.15 – 15.15. Detter fordi det skal vere mogleg for elevar
frå ungdomsskulen å delta på dansetilbodet vårt.
Enkelte har også stilt spørsmål om vi
ikkje kan bruke musikkrommet ved Ringstad skule til danseklassene for dei
yngste elevane. Dette ynskjer vi ikkje å gjere. Det er fleire årsaker til
dette. Mellom anna vert storsalen i Kulturhuset no utstyrt med speil til bruk i
danseopplæring. Storsalen og kulturhuset har også andre fortrinn som vi ikkje
har ved Ringstad skule m.a. når det gjeld lydutstyr, muligheiter for å bruke ”rommet”
på andre måtar m.m.
Dette vert difor dansetidene etter
haustferien:
Gruppe
1 – 1.- 3. klasse måndagar kl. 12.45
– 13.30 på Kulturhuset
Gruppe
2 – 4. - --> måndagar kl.
14.15 – 15.15 på Kulturhuset