onsdag 9. april 2014

Søknadsfrist Stranda Kulturskule. 1. mai 2014

Søknadsfristen for skuleåret 2014-15 nærmar seg.
For å sjå dei tilboda Stranda Kulturskule tilbyr for neste skuleår kan de sjå på dei ulike faldarane som er lenka til nedanfor.

For å søkje på nye fag og/eller melde frå om de ynskjer å behalde elevplassen må de logge på denne adressa:

https://nostranda.speedadmin.dk

Bruk då tilsendt brukarnamn og passord for eksisterande elevar, eller opprett ein ny brukar i systemet dersom du ikkje har vore elev tidlegare. Nedanfor finn de også brukarrettleiingar for denne brukarportalen.

Lukke til.



Kulturskulen sin informasjonsfaldar for 2014

Kulturskulen sin informasjonsfaldar for nye fag.

Rettleiing for nye søkjarar finn de her.

Rettleiing for eksisterande og tidlegare elevar finn de her.

onsdag 2. april 2014

HUSK å melde deg på kulturskulen før 1. mai. ALLE må melde tilbake om dei vil fortsette eller ikkje!

No er det på tide å tenkje på neste skuleår i Stranda Kulturskule. Dei som allereie er elevar ved skulen MÅ logge seg på elevkontoen sin på NOSTRANDA.speedadmin.dk og re-registrere seg, eventuelt melde seg av, tilbod for neste skuleår. Frist for tilbakemelding er 1. mai 2014. Dei som ikkje har meldt tilbake innan fristen kan misse elevplassen neset skuleår. Vi opnar også for nye søkjarar. Nye søkjarar må opprette ein ny elevkonto på NOSTRANDA.speedadmin.dk og søkje om opptak gjennom det elektroniske søknadsskjemaet der. Søknadsfrist er 1. mai.

Med helsing Rektor