fredag 20. august 2010

Brev om oppstarten av skuleåret

Oppstart av skuleåret 2010-2011

Vi ynskjer deg velkommen til nytt skuleår i Stranda Kulturskule og håper at du skal få eit fint og godt år i skulen og at vi skal få til mykje moro saman.

Elevar som får undervisning i Stranda sentrum skal møte til ei fellessamling i Kulturhuset onsdag 25.august kl. 18.00 – til ca. 19.00. (elevar/føresette frå andre krinsar er også velkomne, men samlinga er obligatorisk for alle i Stranda sentrumskrins/Helstad)

På denne samlinga vil vi kort presentere planane for Kulturskuleåret 2010-2011, snakke litt om forventingar vi har til dykk, og kva de kan forvente av oss, litt om vedlikehald av instrument og korleis de skal få best mogleg utbytte av undervisninga de får.  

På denne samlinga skal også alle timeplanar leggast! Det er difor særs viktig at alle familiar møter. Det vil ikkje vere mogleg å endre timeplanane etter denne dagen!

Oppstarten for dei andre elevane vert slik:

Stad

Instrument (lærar)

Første und. Dag.

Ansvarleg for timeplan/

Geiranger

Piano, gitar, song (Andre Ramstad)

26. august

Grunnskulen/lærar

Geiranger

Korpsinstrument (Gunnar Inge Eide)

Måndag 30. sept.

Grunnskulen/lærar

Liabygda

Piano (Carolin Eide)

Måndag 23. sept.

Grunnskulen/lærar

Sunnylven

Fele (Synnøve H.Hole)

Tysdag 24.sept

Lærar

Sunnylven

Piano/keyboard (Gunnar Inge Eide)

Torsdag 2. sept.

Grunnskulen/lærar

Stranda

FOXY (Erik Torset)

Tordag 26. august

14.10 – 15.10

Kulturskulen/Vaksenopplæringa

Stranda

Kulturell Førskule (Erik Torset)

Tysdag 31.august

Kl. 13.15-14.00

Musikkromet Ringstad Skule

Kulturskulen

Stranda

PU-elevar (Erik Torset)

Veke 35

(30./8 – 3./9.)

Kulturskulen

Stranda

Alle andre elevar

Oppstartsamling 25.august kl. 18.00 i Kulturhuset) Oppstart med undervisning i veke 35. (30./8 – 3./9.)

Kulturskulen/lærarane.

 

Elevar (aspirantar/juniorar) som er knytt til dei to skulekorpsa i kommunen og som får undervinsinga si i Kulturskulen vil få beskjed om timeplanar og oppmøtetid/stad direkte frå skulekorpsa.

Vi har sett opp litt retningsliner for timeplanane i Stranda sentrumskrins.  Vi kjem også til å sette opp eit konkret forslag til timeplan før samlinga 25.august slik at vi har noko å gå utifrå når vi tildeler speletimar.

Askjell Mollvær vert på Stranda på onsdagar.

Andre Ramstad vil ha timar på Stranda måndag og tysdag, i Geiranger på torsdag

Carolin Eide har timane hovudsakleg i Liabygda. Dei elevane ho har på Stranda vert på fredagar.

Gunnar Inge Eide vil ha torsdag som  undervisningsdag både i Sunnylven og i Stranda sentrum. (Gunnar Inge hadde ei veke att av farspermisjonen. Elevane hans startar difor ei veke seinare enn dei andre elevane våre)

Synnøve Hjellbakk Hole vert på Stranda på onsdagar og Sunnylven på tysdagar.

Trond Otto Berg ynskjer å ha undervisninga si på tysdagar.

Andreas Torheim (aspirantar Stranda) vil undervise på onsdagar

Erik Torset er tilsett som ny lærar på gitar, slagverk, for FOXY og for Kulturell Førskule. Han vil i undervise på tysdag, onsdag og torsdag.

Erik Torset er ny i kollegiet. Han er 25 år gamal og kjem opphavleg frå Frei. Han er nyutdanna frå Musikkonservatoriet i Trondheim med gitar som hovudinstrument, men har også ei viss erfaring med trommer. Vi har stor tru på at Erik vil verte ei beriking for kollegiet ved kulturskulen og ynskjer han lukke til.

 

Kulturskulen har ei NY oppslagstavle på internett. Adressa til denne er http://kulturskule.blogspot.com MERK: NY ADRESSE!!!   Denne kjem til å verte brukt aktivt når vi skal gje informasjon og beskjedar til elevar og føresette. Timeplanane vert også lagt ut der etter at dei er fastsette.

 

Vi brukar også aktivt SMS når vi skal gje kortare beskjedar til elevar/føresette. Vi ber dykk syte for at kulturskulen alltid har riktig moblitelefonnummer til ein av dei føresette. Dette er særleg viktig dersom de byte nummer i løpet av skuleåret.

 

Kulturskulen har fått kraftige nedskjeringar på budsjettet for inneverande år. Dette gjer at vi pr. i dag har vel 80 elevar på venteliste til ulike elevplassar.  Vi kjem difor til å verte strengare enn før med omsyn til kven som får behalde plassen i kulturskulen. Vi minner difor om at ein elev som er borte frå meir enn 3 speletimar utan gyldig grunn kan misse elevplassen. Om de ikkje kan møte til speletimen, ver difor nøye med å gje beskjed om dette, helst direkte til læraren.   Vi minner også om at elevar som ynskjer å slutte i kulturskulen til jul må gje skriftleg melding om dette innan 1. desember. Det held ikkje å sende ein SMS til læraren. Send helst eit brev/e-post direkte til rektor på kulturskulen@stranda.kommune.no.

 

 

Trond Otto Berg

Rektor

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar