fredag 15. august 2014

Oppstart av skuleåpret 2014-2015




Skuleåret i Kulturskulen startart i veke 34. Då skal vi ha eit felles informasjonsmøte for ALLE elevar og føresette i Storfjord Kulturhus onsdag 20.august kl. 18.00 - ca. 19.00. Dette møtet er obligatorisk for alle elevar frå sentrumskrinsen og Liabygda. Elevar frå Sunnylven og Geiranger vert også oppmoda om å møte opp. Oppmøte er også frivilleg for elevar i Kulturell Førskule og FOXY-gruppa. På dette møtet vil vi informere kort om kva det vil seie å vere elev i kulturkulen, kva de kan forvente frå skulen si side, kva vi forventar av dykk som elevar/føresette og orientere kort om planane for skuleåret. Mot slutten av møtet vil kva enkelt lærar ta med seg sine elevar på eit eige rom. Her skal læraren og dei føresette saman sette opp timeplanen for skuleåret 2014-2015. Det vert ikkje høve til å gjere endringar på timeplanen etter dette! Om de difor har spesielle ynskjer for speletida er det difor særs viktig at de møter opp. Dei som ikkje møter opp på dette møtet vil de heller ikkje kunne påverke tidspunktet for speletida! Vi kjem til å sette opp eit forslag for timeplanane før dette møtet så arbeidet med å fordele timar går raskare. Her vil enkelte ting verte "sprikra" så de vil ikkje stå heilt fritt i å velge speletid. Vi har ikkje høve til å ta omsyn til alle ynskjer som kjem inn! "..til lags åt alle kan ingen gjera... "

Undervisninga i Kulturskulen startar i år i veke 35. (25.08. - 29.08.) i alle skulekrinsane. I skrivande stund ser det ut til at fordelinga på dagar/lærarar vert slik (eg har ikkje fått endeleg stadfesta dagane frå alle grunnskulane enno, så det kan kome endringar)
 Sunnylven         Piano/Keyboard    Gunnar Inge           Tysdagar      Skulen sett opp timeplan
 Sunnylven         Gitar/trommer       Erik Torset             Måndagar    Skulen sett opp timeplan
 Sunnylven         Fele                           Synnøve H.Hole    Fredagar      Lærar sett opp timeplan
 Geiranger         Alle instrument        Gunnar Inge Eide Månd/torsdag G.I. sett opp timeplan

Det er ikkje lagt opp til undervisning i Liabygda komande skuleår. Elevar frå Liabygda vil få undervisninga si ved Storfjord Kulturhus.
I sentrumskrinsen vil vi bruke alle dagane til undervisning.
Undevisningstidene for den enkelte lærar i sentrumskrinsen ser om lag slik ut:
Erik Torset                 Gitarar                                    Onsdag og torsdag
Askjell Molvær            Piano/treblås              Onsdag
Synnøve H.Hole                     Fele                            Onsdag
Andre Ramstad          Piano/song                 Måndag, Tysdag og Torsdag
Gunnar Inge Eide      Piano/messing            Torsdag
Mass Petter Jelle        Piano                          Torsdag
Trond Otto Berg        Messing                       (truleg) Tysdag
Morgan Pedersen        Vikar gitar                   Onsdag
Gunnhild Overvoll     Kulturell Førskule      Tysdag


SPESIELT for elevane til Gunnar Inge Eide
Gunnar Inge har pappapermisjon fram til haustferien. Dei fleste av elevane får då vikar fram til dette. For nye korpsaspirantar på Stranda vert Trond Otto Berg vikar. Piano/keyboardelevar i Sunnylven får Andre Ramstad som vikar. Elevane i Geiranger får ulike vikarløysingar avhengig av kva instrument de spelar. For alle elevane gjeld det at timeplanane vi sett opp no, truleg vert endra når Gunnar Inge er tilbake.

SPESIELT for deltakarar i  Stranda Bandverkstad
Stranda Bandverkstad forstsett, men enkelte deltakarar har meldt at dei ikkje vil fortsette. Samstundes vil truleg nye kome til.  I løpet av september vert nye band etablert og nye øvingsplanar for hausten sett opp.

Vi skal i år også etablere to nye ”foreiningar” under denne oppstartsamlinga.  Det vert difor val av medlemmer til styra for desse to foreiningane i starten av samlinga.

1. Stranda Kulturskulevenner er ei støtteforening til Stranda Kulturskule der alle føresette med barn i Stranda Kulturskule er medlemmer.  Foreininga vert ei sjølvstendig eining som skal arbeide for eit tilnærma likt tilbod til alle barn og unge i kommuna.  Foreininga skal leiast av eit styre på 5 medlemmer valt mellom dei føresette. Før samlinga vil vi konkret utfordre 5 personar til å sitte i dette styret.

2. Stranda Kulturskuleforum vert ein ”paraplyorganisasjon” for aktivitetar som ligg utanfor og på sida av den ordinære drifta til Kulturskulen.  Styret her skal også bestå av 5 personar, minimum 2 av dei må vere under 26 år. Styremedlemmene kan vere føresette, lærarar eller knytt til kulturskulen på ein annan måte.  Vi skal denne gongen formelt etablere foreininga og velje eit førebels styre (interimstyre).  Vi vil også her utfordre 5 konkrete personar til å sitte i dette styret.


Trond Otto Berg
Rektor