mandag 22. november 2010

Avslutning av semesteret

Stranda Kulturskule avsluttar den vanlege undervisninga før jul i veke 49 (6. - 10. desember).

I veke 50 skal vi gjennomføre fleire konsertar og dei fleste av elevae våre vil få tilbod om å vere med på ein eller fleire av desse. Om du skal delta på ein konsert vil du få beskjed om dette direkte frå læraren din. For dei som ikkje skal delta på konseratr/arrangement vert altså siste undervisninga før jul i veke 49. 

Dei arrangementa som er planlagt i november og desember er desse:

           24.november – Speling på ”Kaffitreffet” i Stranda Kyrkjesove

             5. desember – Lysmess, Liabygda Kyrkje

            12.desember – Julekonsert, Stranda Kyrkje

            15. desember – Institusjonskonsertar, Stranda

           16. desember – Institusjonskonsertar, Geiranger  

           19.desember – Julekonsert, Sunnylven Kyrkje.

I tillegg til dette vert det også institusjonskonsertar i Sunnylven, og diverse andre speleoppdrag også

Etter jul startar vi opp samstudes som grunnskulane i kommunen med første undervisningsdag tysdag 4. januar.

Vi ynskjer dykk alle LUKKE TIL i førebuingane til jul og på dei komande konsertane. Vi ynskjer dykk også velkomne til eit nytt og spanande semester i 2011. 

 Vi er no i sputtspurten på planlegginga av vårsemesteret, og reknar med å køyre til samspelprosjekt for elevane i Stranda i løpet av januar/feburar 2011. 


Med Helsing Rektor


PS! Om du ikkje ynskjer å behalde plassen din etter jul må du hugse å seie opp plassen i Kulturskulen skriftleg før 1. desember 2010.