Skuleåret i Kulturskulen startart i
veke 34. Då skal vi ha eit felles informasjonsmøte for ALLE elevar og føresette
i Storfjord Kulturhus onsdag 20.august kl. 18.00 - ca. 19.00. Dette møtet er
obligatorisk for alle elevar frå sentrumskrinsen og Liabygda. Elevar frå
Sunnylven og Geiranger vert også oppmoda om å møte opp. Oppmøte er også
frivilleg for elevar i Kulturell
Førskule og FOXY-gruppa. På
dette møtet vil vi informere kort om kva det vil seie å vere elev i
kulturkulen, kva de kan forvente frå skulen si side, kva vi forventar av dykk
som elevar/føresette og orientere kort om planane for skuleåret. Mot slutten av
møtet vil kva enkelt lærar ta med seg sine elevar på eit eige rom. Her skal
læraren og dei føresette saman sette opp timeplanen for skuleåret 2014-2015.
Det vert ikkje høve til å gjere endringar på timeplanen etter dette! Om de
difor har spesielle ynskjer for speletida er det difor særs viktig at de møter
opp. Dei som ikkje møter opp på dette møtet vil de heller ikkje kunne påverke
tidspunktet for speletida! Vi kjem til å sette opp eit forslag for timeplanane
før dette møtet så arbeidet med å fordele timar går raskare. Her vil enkelte
ting verte "sprikra" så de vil ikkje stå heilt fritt i å velge
speletid. Vi har ikkje høve til å ta omsyn til alle ynskjer som kjem inn!
"..til lags åt alle kan ingen gjera... "
Undervisninga
i Kulturskulen startar i år i veke 35. (25.08. - 29.08.) i alle skulekrinsane.
I skrivande stund ser det ut til at fordelinga på dagar/lærarar vert slik (eg
har ikkje fått endeleg stadfesta dagane frå alle grunnskulane enno, så det kan
kome endringar)
Sunnylven Piano/Keyboard Gunnar Inge Tysdagar Skulen sett opp timeplan
Sunnylven Gitar/trommer Erik Torset Måndagar Skulen sett opp timeplan
Sunnylven Fele Synnøve H.Hole Fredagar
Lærar sett opp timeplan
Geiranger Alle instrument Gunnar
Inge Eide Månd/torsdag G.I. sett opp timeplan
Det er
ikkje lagt opp til undervisning i Liabygda komande skuleår. Elevar frå Liabygda
vil få undervisninga si ved Storfjord Kulturhus.
I
sentrumskrinsen vil vi bruke alle dagane til undervisning.
Undevisningstidene
for den enkelte lærar i sentrumskrinsen ser om lag slik ut:
Erik Torset Gitarar Onsdag og torsdag
Synnøve H.Hole Fele Onsdag
Gunnar Inge Eide Piano/messing Torsdag
Mass Petter Jelle Piano Torsdag
SPESIELT
for elevane til Gunnar Inge Eide
Gunnar Inge har pappapermisjon fram
til haustferien. Dei fleste av elevane får då vikar fram til dette. For nye
korpsaspirantar på Stranda vert Trond Otto Berg vikar. Piano/keyboardelevar i
Sunnylven får Andre Ramstad
som vikar. Elevane i Geiranger får ulike vikarløysingar avhengig av kva
instrument de spelar. For alle elevane gjeld det at timeplanane vi sett opp no,
truleg vert endra når Gunnar Inge er tilbake.
SPESIELT
for deltakarar i Stranda Bandverkstad
Stranda Bandverkstad forstsett, men
enkelte deltakarar har meldt at dei ikkje vil fortsette. Samstundes vil truleg
nye kome til. I løpet av september vert
nye band etablert og nye øvingsplanar for hausten sett opp.
Vi skal i år også etablere to nye ”foreiningar”
under denne oppstartsamlinga. Det vert
difor val av medlemmer til styra for desse to foreiningane i starten av
samlinga.
1.
Stranda Kulturskulevenner
er ei støtteforening til Stranda Kulturskule der alle føresette med barn i
Stranda Kulturskule er medlemmer. Foreininga
vert ei sjølvstendig eining som skal arbeide for eit tilnærma likt tilbod til
alle barn og unge i kommuna. Foreininga
skal leiast av eit styre på 5 medlemmer valt mellom dei føresette. Før samlinga
vil vi konkret utfordre 5 personar til å sitte i dette styret.
2.
Stranda Kulturskuleforum
vert ein ”paraplyorganisasjon” for aktivitetar som ligg utanfor og på sida av
den ordinære drifta til Kulturskulen. Styret
her skal også bestå av 5 personar, minimum 2 av dei må vere under 26 år. Styremedlemmene
kan vere føresette, lærarar eller knytt til kulturskulen på ein annan måte. Vi skal denne gongen formelt etablere
foreininga og velje eit førebels styre (interimstyre). Vi vil også her utfordre 5 konkrete personar
til å sitte i dette styret.
Rektor
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar