onsdag 29. januar 2014

LYDPRØVER UKM 2014

No er det straks tid for lokalmønstringa på Stranda. Det er mange flotte innslag i år, så alle kan gle seg til ei flott utstilling og ein flott konsert!
Her er lydprøvetider til UKM søndag 2. februar i Storfjord kulturhus. Det er viktig at alle møter i god tid, at gitaren er stemt og at notane er på plass før du skal ha lydprøve. Lydprøve er ikkje ei øving, så de kan ikkje rekne med å få spele igjennom songen dykkar. Det blir enkel servering til deltakarane "backstage" før konsert.
Har de spørsmål, ta kontakt med Sigurd Drege eller Gunnar Inge Eide.
Bilete til utstillinga må vere på plass seinast kl 13.30 søndag.  
Vel møtt!

1430– Julie og Linn-Katrin
1440– Radiohead
1450 - Kristoffer
1500 – No offence
1510 – Veronica Ø
1520 – Veronica J 
1530 – Inger 
1540 – Emilie
1550 – Maria
1600 – Violeta
1620 – Alma Sofie
1630 - Programleiarar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar