Oppstart av skuleåret 2013 - 2014
Sommaren er over og det på tide å tenkje på oppstarten av det nye skuleåret i kulturskulen.
Skuleåret i Kulturskulen startart i veke 34. Då skal vi ha eit felles informasjonsmøte for ALLE elevar og føresette i Storfjord Kulturhus onsdag 21.august kl. 18.00 - ca. 19.00. Dette møtet er obligatorisk for alle elevar frå sentrumskrinsen og Liabygda. Elevar frå Sunnylven og Geiranger vert også oppmoda om å møte opp. På dette møtet vil vi informere kort om kva det vil seie å vere elev i kulturkulen, kva de kan forvente frå skulen si side, kva vi forventar av dykk som elevar/føresette og orientere kort om planane for skuleåret. Mot slutten av møtet vil kva enkelt lærar ta med seg sine elevar på eit eige rom. Her skal læraren og dei føresette saman sette opp timeplanen for skuleåret 2013-2014. Det vert ikkje høve til å gjere endringar på timeplanen etter dette! Om de difor har spesille ynskjer for speletida er det difor særs viktig at de møter opp. Dei som ikkje møter opp på dette møtet vil heller ikkje kunne påverke tidspunktet for speletida! Vi kjem til å sette opp eit forslag for timeplanane før dette møtet så arbeidet med å fordele timar går raskare. Her vil enkelte ting verte "sprikra" så de vil ikkje stå heilt fritt i å velge speletid. Vi har ikkje høve til å ta omsyn til alle ynskjer som kjem inn! "..til lags åt alle kan ingen gjera... "
Undervisninga i Kulturskulen startar i år i veke 35. (25.08. - 29.08.) i alle skulekrinsane. I skrivande stund ser det ut til at fordelinga på dagar/lærarar vert slik (eg har ikkje fått endeleg stadfesta dagane frå alle grunnskulane enno, så det kan kome endringar)
Sunnylven Piano/Keyboard Gunnar Inge Torsdagar Skulen sett opp timeplan
Sunnylven Gitar/trommer Erik Torset Måndagar Skulen sett opp timeplan
Sunnylven Fele Synnøve H.Hole Fredagar Synnøve/førestte sett opp timeplan
Geiranger Piano/Keybaod/gitar Gunnar Inge Eide Månd/tysd Gunnar Inge sett opp timeplan
Geiranger Korpsinstrument Gunnar Inge Eide Månd/tysd Gunnar Inge sett opp timeplan
Det er ikkje lagt opp til undervisning i Liabygda komande skuleår. Elevar frå Liabygda vil få undervisninga si ved Storfjord Kulturhus.
I sentrumskrinsen vil vi bruke alle dagane til undervisning.
Undevisningstidene for den enkelte lærar i sentrumskrinsen ser om lag slik ut:
Erik Torset Gitarar Onsdag og torsdag + ein dag til
Askjell Molvær Piano/treblås Onsdag
Synnøve H.Hole Fele Onsdag
Andre Ramstad Piano/song Måndag, Tysdag og Torsdag
Gunnar Inge Eide Piano/messing Torsdag
Mass Petter Jelle Piano Torsdag
Trond Otto Berg Messing (truleg) Tysdag
Stranda Kulturskule har no oppretta ei side på Facebook. (http://www.facebook.com/kulturskulen) Vi vil svært sterkt oppmode alle om å søkje opp denne sida og "like" den. Vi vil bruke denne sida aktivt i kommunikasjonen med heimane. Om de "liker" denne sida vil de automatisk få melding når ny informasjon vert lagt ut her. Vi vil framleis også bruke sida på http://kulturskule.blogspot.no til å gje beskjedar og informere om timeplanar og prosjekt.
Vel møtt som elev i Stranda Kulturskule.
Trond Otto Berg
Rektor
PS Denne informasjonen vert også sendt pr. brev, over helga.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar