fredag 12. oktober 2012

TIDER FOR DANSEUNDERVISNING


Vi har no fått inn svar frå dei fleste familiane på kva dansetider som passar best og svaret frå dei førestte er ganske eintydig. Det er eit stort fleirtal, alle elevane under eitt, for det første alternativet.  I den yngste gruppa er net noko jamnare fordeling mellom alternativ 1 og alternativ 2.
Vi har også mottatt ganske sterke reaksjonar på forslaget om å endre tidene for dei ulike gruppene. Fleire familiar har meldt tilbake at dei har tilpassa eigne arbeidstider til dei tidene som vart sette opp tidlegare i haust.  Vi har også vore i kontakt med SFO ved Ringstad skule for å høyre med dei kva som passar best inn i deira dagplanar.  Vi har etter dette kome til at øvingstida for den yngst gruppa bør gjennomførast slik det vart bestemt i august. Dette betyr øvingstider, i kulturhuset, frå kl. 12.45 – 13.30.
Nå det gjeld den eldste gruppa er vi nøydde til å endre tidene for denne gruppa til 14.15 – 15.15.  Detter fordi det skal vere mogleg for elevar frå ungdomsskulen å delta på dansetilbodet vårt.
Enkelte har også stilt spørsmål om vi ikkje kan bruke musikkrommet ved Ringstad skule til danseklassene for dei yngste elevane. Dette ynskjer vi ikkje å gjere. Det er fleire årsaker til dette. Mellom anna vert storsalen i Kulturhuset no utstyrt med speil til bruk i danseopplæring. Storsalen og kulturhuset har også andre fortrinn som vi ikkje har ved Ringstad skule m.a. når det gjeld lydutstyr, muligheiter for å bruke ”rommet” på andre måtar m.m.  
Dette vert difor dansetidene etter haustferien:
Gruppe 1 – 1.- 3. klasse       måndagar kl. 12.45 – 13.30 på Kulturhuset
Gruppe 2 – 4. - -->                måndagar kl. 14.15 – 15.15 på Kulturhuset


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar