Mange føresette har kontakta oss fordi dei ynskjer å endre dansetidene. Særleg er det tidspunkta for den yngste klassa som har skapt problem for enkelte føresette.
Dei oppsette dansetidene vart bestemt
av dei føresette sjølv i eit møte her på kulturskulen onsdag 22.august. Vi
ynskjer difor ikkje å endre desse tidene utan vidare, og utan å ha undersøkt
med dei føresette først kva dei faktisk ynskjer.
Vi treng difor at ALLE familiar svarer
på kva tidspunkt de ynskjer for danseklassene. Vi har sett opp to ulike
alternativ. Det er desse to alternativa de kan velje mellom.
Sidan det vart for få påmelde til den
eldste gruppa (8. – 10. klasse) har dei elevane som var der fått tilbod om å
danse saman med den mellomste gruppa (4. – 7. klasse). Desse må då også
forandre tida litt slik at elevar får ungdomsskulen rekk fram i tide.
Alternativa de kan velje mellom vert
då:
Alternativ
1. (nesten som i dag)
Gruppe 1 (1. – 3. klasse) kl. 13.15 – 14.15
Gruppe 2 (4. à ) kl.
14.15 – 15.15
Alternativ
2
Gruppe 2 (4. à
) kl. 14.15 – 15.15
Gruppe 1 (1. – 3. klasse) kl. 15.30 – 16.15
Vi ber dykk svare, helst på mail, om
de ynskjer alternativ 1 eller alternativ 2. Det alternativet som flest ynskjer vert valt.
Dei nye tidene vil gjelde frå veka etter haustferien.
Svar skriftleg (e-post eller sms) tilbake
til kulturskulen innan 4. oktober.
Rektor
PS! Sendt tilbakemelding til kulturskulen@stranda.kommune.no
eller sms til 464 11 055. Ta med namn på eleven, kva gruppe eleven høyrer
til i, samt kva alternativ de ynskjer.
Døme: Dina Danseglad, gruppe 1, ynskjer alternativ
1. Helsing Helene Danseglad.
Brevet vert lagt ut på nettet og delt ut
til alle elevane på dansetimen 1. oktober.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar