torsdag 5. juli 2012

Stor søking til Kulturskulen



Etter at alle søknader no har kome inn og alle ynskjer er registrerte ser det ut til at søkjartala for Kulturskulen ser om lag slik ut for skuleåret 2012-13.

Det er kome inn om lag 140 søknader frå totalt knappe 100 personar. Enkelte har søkt om opptak på fleire fag og/eller dei har ført opp fleire fagynskjer. Dette talet er om lag som det var i 2011.
Søknadene fordeler seg slik på dei ulike faga:

Piano/Keyboard: ca. 40, Gitarar, ca. 60, stryk, ca. 10, song, ca. 10, andre fag ca. 20. I tillegg til desse søkjarane er det vel 10 elevar som vert knytt til dei to skulekorpsa I kommunen.

Søkjarane fordeler seg slik på dei ulike skulekrinsane:
Ringstad krins: ca. 90, Sunnylven, ca. 30, Geiranger, ca. 10, Liabygda, ca.5

Totalt er det ca. 35 ledige plassar i kulturskulen hausten 2012. I tillegg til dette kjem plassar på storgruppefaga Dans og Kulturell førskule.  For desse to tilboda utsett vi søknadsfristen til 12. august.  Her kan vi ynskje oss fleire søkjarar. Særleg oppmodar vi elevar i 1. og 2. klasse om å søkje på Kulturell Førskule. Dersom det ikkje kjem fleire søkjarar her vert ikkje tilbodet sett i gang.

Det vert ikkje gjennomført noko opptak no før ferien. Opptaket vil skje veka før skulestart.
Vi ynskjer alle elevar, søkjarar og andre ein riktig god somar!

Trond Otto Berg
Rektor

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar